Dørene åpner kl. 17.00
Arrangementet starter kl. 17.30
Salg av forfriskninger
 
Velkommen!

 

Stor Fløgstad-roman om Europa og nazisme
Fløgstad-roman om Europa og nazisme bokomslag Vandraren og skuggen hans, handlingsmennesket og opportunisten.  Tidleg på trettitalet gjer to velutdanna unge tyskarar eit val, som fører dei til Oslos Victoria terrasse, til Grense Jakobselv, og endå lenger, over grensa. Og sidan over alle grenser, der dei blir herrar over liv og død.
Den andre verdskrigen tar slutt, og blir til kald krig. Sjølv i krigens tåke finst det alltid ei grense mellom godt og vondt. Går dette skiljet framleis same stad? Skremt av forfedranes misgjerningar prøver ein ung nordmann å gjera det rette ved å følgja lover og reglar. Endar han likevel med å gjera urett?
Grense Jakobselv er ein roman om makt og ideologi, om kva krigen endra, og kva som blei attende.